Kommentera

Guds nåd i Kristus – vem håller i vem?

Från Norsk Salmebok. Text: Jesper Krogedal 1946

Kor stort, min Gud, att eg ditt barn får vera,
og leva i di frie nådepakt!
Det alt er ferdig, eg skal inkje gjera,
men bare kvila i det du har sagt,

Eg bed deg: Lei du meg igjennom verda,
eg er så veik og er i framandt land!
Det mange var som gjekk seg vill på ferda
og sleppte taket i di frelsarhand.

Men visst eg veit: Du maktar fast meg halda,
det har du lova i ditt eige ord.
Du visste alt om meg før du meg kalla,
og gav meg plass ved nådens rike bord.

Lat meg få sjå på deg når synda dårar,
lat meg som barn ditt faderauga sjå!
Då veit eg visst at gjennom tvil og fårar
eg ved din nåde skal til himlen nå.